Barnehage, skule og familie
Ein trygg og inkluderande kommune

Alle barn har rett til ein god start ilivet. Barndommen legg grunnlaget for korleis livet skal utvikla seg gjennom ungdoms- og vaksenlivet.
Time kommune er ein god kommune å veksa opp i med god kvalitet både i barnehagane og i skulane. Time Arbeidarparti vil arbeida for å auka driftsmidlane til skulen, for å behalda kvalifiserte lærarar og sikra bemanningsnormen i barnehagane. Men også i vår kommune er det barn som treng ekstra hjelp for å takla kvardagen. Time Arbeidarparti vil arbeida for at barn og unge med spesielle utfordringar behov får tidleghjelp. Etter forslag frå Time Arbeidarparti harkommunestyret vedteke at det skal opprettastein ATO-avdeling (alternativ tilpassa opplæring) i Time. Time Arbeidarparti vil arbeida for at den kjem i drift i 2024.
Skulefritidsordninga kan vera kostbart forlågtlønnsfamiliar. I dag får alle i 1. klasse tilbod om gratis SFO i tre dagar. Time Arbeidarparti vil arbeida for at SFO skal vera gratis dei to første skuleåra. Time Arbeidarparti vil også arbeida for å utvida søskenmoderasjon i barnehage og SFO. Det er viktig at alle barn kjenner seg trygge. I så måte er nærleik til skulen viktig dei førsteskuleåra. Time Arbeidarparti vil arbeida for å oppretthalda skulen på Hognestad. TimeArbeidarparti vil også støtta all målretta arbeid mot mobbing i skule og barnehage.
Time Arbeidarparti vil:
- Arbeida for tidleg innsats for barn og unge med spesielle behov og utfordringar
- Arbeida for to barnehageopptak i året
- Arbeida for gratis SFO for 1. og 2. trinn
- Arbeida før søskenmoderasjon i SFO og barnehage
- Arbeida for å behalda kvalifiserte lærarar
- Arbeida for at ATO avdeling er ferdig i 2024
- Arbeida for å auka driftsmidlar til skulane
- Arbeida for nok midlar til å sikra at bemanningsnormen i barnhagen blir oppfylt
- Styrka fellesskulen og seie nei til nye kommersielle privatskular
- Arbeida for å innføra eit sunt skulemåltid kvar dag
- Oppretthalda den gode dekninga av helsetenestane i skulen
- Sikra at alle elevar får lovpålagt symjeopplæring
- Oppretthalda drifta av Hognestad skule
- Jordbruket si rolle skal verte kommunisert i barnehage og skule
- Arbeida for å styrka fagmiljøa mellom anna gjennom interkommunalt samarbeid
- Arbeida for å sikra bemanning og kompetanse i barnevernet
- Arbeida for å oppretthalda ein god helsestasjon
- Arbeida for målretta arbeid mot mobbing i barnehage og skule
- Arbeida for å få til skulekino ein gong i året