Helse og velferd
Ein trygg og inkluderande kommune

Alle har ein verdi i samfunnet
Time Arbeidarparti ønskjer at alle skal få oppleva at dei er viktige i samfunnet og at dei kan bidra på ein eller annan måte. Vårt mål er eit samfunnsom fremjar god helse for alle, førebygg sjukdom og gir alle barn og unge ein god start i livet.
Behovet for tenester innanfor helse- og omsorgssektoren vil auka i tida framover.Time Arbeidarparti vil arbeida for at kommunen har ressursar til å byggja opp tenester i tråd med behovet. Me vil også arbeida for å utvikla gode og berekraftige helse- og omsorgstenester for framtida. Kvaliteten på tenestane skal vera høge. Time Arbeidarparti vil arbeida for å styrka fagmiljøa mellom anna gjennom interkommunalt samarbeid. Eldre skal få bu heime så lenge det er mogleg. Time Arbeidarparti vil arbeida for å styrka dei lågaste trinna i omsorgstrappa mellom anna gjennom gode heimetenester. Time Arbeidarparti vil også arbeida for å utvida kapasiteten og opningstidene ved dag- og aktivitetssentra.
Time Arbeidarparti vil:
- Arbeida for å styrka fagmiljøa mellom anna gjennom interkommunalt samarbeid
- Arbeida for å utvida kapasiteten og opningstidene ved dag- og aktivitetssentra
- Arbeida for at heiltidsstillingar skal vera regelen innan helse og velferd
- Arbeida for å styrka det psykiske helsetilbodet, særleg for ungdom
- Arbeida for å sikra førebygging og tidleg innsats
- Arbeida for å styrka dei lågaste trinna i omsorgstrappa for å kunna bu heime så lenge som mogleg
- Arbeida for at eldre har sosiale møteplassar og har tilhøyre i lokalmiljøet
- Gje tilskot til organisasjonar som har aktivitetarfor eldre
- Arbeida for transport til frivillighetssentralen,skular, barnehagar og andre tenester/aktivitetstilbod,til dømes ved innkjøp av minibuss.
- Arbeida for å auka grunnbemanninga, utviklagode og bærekraftige helse- og omsorgstenester for framtida sett i forhold til mangel på personell og demografi utviklinga
- Arbeida for å gje best mogleg kvalitet i tenester som me leverer
- Arbeida for å modernisera pasientjournalsystema og sikra at helsepersonell i primærhelsetenesta har tilgang til nødvendig helseinformasjon om den enkelte brukar/pasient
- Stimulera til målretta aktivitet mot ungdom og unge vaksne når det gjeld arbeid og kompetanse i arbeidslivet.
- Arbeida for ei tilfredstillande fastlegeordning