Kultur og idrett
Ein trygg og inkluderande kommune
Time kommune har eit svært rikt idretts- og kulturliv. Det er ca. 30 idrettslag i kommunen med eit mangfald av tilbod. Mange av dei har eigne anlegg både til utandørs- og innandørsidrett.
Det er kostbart å driva eigne anlegg, og Time Arbeidarparti vil arbeida for å auka støtta til private idrettsanlegg.
Når Bryne Storhall snart står ferdig, er Time kommunegodt forspent med fleirbrukshallar. Ny niarbane i tilknyttiing til hallen vil bidra til å avhjelpa behovet for fleire speleflatar for fotball. Time Arbeidarparti vil derfor prioritera ny symjehall i komande periode. Den har stadig vorte utsett og behovet for ny symjehall har blitt meir og meir prekært. Time Arbeidarparti vil arbeida for at den står ferdig i løpet av perioden.
Det er er viktig at så mange som mogleg tar del i organisert idrett. Time Arbeidarparti vil arbeida for støtte ordningar til barn og unge frå lågtlønnsfamiliar.
Samtidig er toppidrett ein magnet til rekruttering til idretten. Toppidrettsutøvarar er også ein svært god reklame for kommunen. Time Arbeidarparti vil derfor halda fram med profileringstilskot til toppidrettsutøvarar.
Bryne stadion er svært sliten og er ikkje Time kommune verdig som toppidrettsarena. Time Arbeidarparti meiner kommunen må vera med i arbeidet for å utvikla Bryne stadion til ein meir moderne fotballarena. Dette er også god byutvikling.
Det er stor aktivitet innan song, musikk og teater i Time. Kor, korps og orkester slit med lite tilfredsstillandeøvingslokale og for liten lagerkapasitet. Time Arbeidarparti vil arbeida for betre tilhøve for øvingslokale og lagerkapasitet for korps, orkester, kor og teatergrupper.
Kulturskulen i Time har stor pågang av elevar. Sambruk av undervisningsrom på Bryne skule er utfordrande og Time Arbeidarparti vil arbeida for at kulturskulen får større og meir tilrettelagde lokale .Time Arbeidarparti vil også vidareføra arbeidet med redusert betaling for låginntektsfamiliar slik at dårleg økonomi ikkje skal vera eit hinder for å bli elev på kulturskulen.
I tillegg til idrett, song, musikk og dans er det eit konglomerat av frivillige lag og organisasjonar i Time kommune som alle kvar på sin måte bidreg til at Time er ein god kommune å bu i. Time Arbeidarparti vil bidra til at alt frivillig arbeid vert satsa på og gjeve gode og likeverdige vilkår.
Time Arbeidarparti vil:
- Bidra til at kultur, idrett og anna frivillig arbeid vert satsa på, gjeve gode og likeverdige vilkår.
- Arbeida for å auka driftstilskotet til frivillige lag og organisasjonar.
- Arbeida for å auka driftstilskotet til private idrettsanlegg.
- Arbeida for ny symjehall i perioden.
- Arbeida for at kulturskulen får større og meir tilrettelagde lokale.
- Arbeida for redusert betaling for låginntektsfamiliar på kulturskulen.
- Arbeida for betre tilhøve for øvingslokale og lagerkapasitet for korps, orkester, kor og teatergrupper.
- Arbeida for å styrka det regionale kulturhuset for å kunna tilby fasilitetar for mindre og større konsertar, teaterframsyningar, øvingar etc.
- Nytta frivillige lag og organisasjonar som ein ressurs i nærmiljøet og folkehelsearbeidet.
- Arbeida for samarbeid på tvers av kommunale og private institusjonar, lag og organisasjonar.
- Bidra til at idretten er ein viktig faktor i integreringsarbeidet.
- Arbeida for at fleire barn og ungdom er aktive i organisert idrett mellom anna gjennom støtteordningar til barn og unge frå lågtlønnsfamiliar.
- Arbeida for ekstra tilskotsordningar til lag som legg til rette for grupper med særskilte behov.
- Arbeida for at kommunale idrettsanlegg held ope ihelgar og feriar.
- Arbeida for ordningar for å låna eller leiga idretts- og friluftsutstyr.
- Arbeida for meir økonomiske midlar til Frivillighetssentralen
- Arbeida for at ungdomsklubbar held eit mangfaldigmiljø.
- Arbeida for at uorganisert idrett får tilgang til kommunale og private anlegg.
- Styrkja støtteordningar til kurs og opplæring av unge trenarar.
- Arbeida for profileringstilskot til toppidrett både lag og enkeltutøvarar.
- I samarbeid med Bryne FK arbeida for rehabiliteringav Bryne stadion.
- Arbeida for å få lagt kunstgras på grusbanen ved Bryne skule.