Landbruk
Ein trygg og inkluderande kommune
Time har ei stolt historie som jordbrukskommune
Med 56 000 slaktegris, 1500 avlspurker, 4360mjølkekyr, 1200 ammekyr og 11 000 vinterforasau, er Time ein av dei viktigaste kommunane i landet når det gjeld matproduksjon.
Kommunen er leiande på klekking av verpehøner. I 2021 vart det levert 5,8 millionarrugeegg. Kyllingprodusentar i kommunen leverte1,3 millionar kylling til slakt i 2021.
Sjølv om det har vore nedbygging av landbruksjord i Time, har landbruksarealet i drift likevel auka frå 79 803 da i 2018 til 82 161 da i 2021.
Time Arbeidarparti vil arbeida for at Time skal styrkja denne posisjonen som landbrukskommune mellom anna ved å vera løysingsorienterte når det gjeld sal av landbruksjord til nabobruk. Time AP støttar også nytenkjande og nyskapande tiltak tilknytta jordbruk.
Time Arbeidarparti vil ha nytt nasjonalt jordvernmål på 2000 da årleg som grunnlag for framtidige disponeringar. Ved gjennomgang av arealplanar vil Time AP vurdera om areal som er omdisponert frå LNF til bustad- og næringsføremål kan tilbakeførast til LNF.
Time Arbeidarparti vil:
- Arbeida for eit landbruk som er berekraftig og klimavennleg, og som sikrar god dyrevelferd, mattryggleik og sikker matforsyning.
- Ha nytt nasjonalt jordvernmål på 2000 da årleg som grunlag for framtidige disponeringar.
- Leggja til rette for berekraftig verdiskaping i landbruket.
- Arbeida for å behalda matfatet på Jæren.
- Stimulera lokal matproduksjon og framsnakka jærsk landbruk og den jærske identiteten.
- Vera opne for at areal som er omdisponert frå LNF til næring- og bustadføremål kantilbakeførast til LNF ved rullering av arealplanar.
- Byggja innanfrå og ut i sentra i kommunen ved å fortetta og byggja i høgda.
- Støtta nyskapande og nytenkjande tiltak knytta til jordbruk.
- Vera løysingsorienterte ved handsaming av jordbrukssaker til dømes ved sal av landbruksjord til nabobruk.
- Arbeida for at kortreiste kvalitetsvarer vert prioriterte ved kommunale innkjøp.
- Arbeida for at jordbruket i Time får styrka sitt gode omdømme.
- Stimulera til at unge vel utdanning knytt til landbruksnæring.