Miljø og klima
Ein trygg og inkluderande kommune
Menneskeskapte klimaendringar og global oppvarming er den mest alvorlige trusselen mot livsgrunnlaget på jorda. Time Arbeiderparti meiner klima og miljø må vera i fokus i alle vedtak med FN sine berekraftsmål som overordna føringar.
I 2020 var klimautsleppa i Time kommuneca. 87 900 tonn CO2 ekvivalentar. Klimaplanen for Time kommune legg opp til ein reduksjon av klimagassutslepp på 55 % fram til 2030 i forhold til utslepp i 2015. Men då er biologisk utslepp frå jordbruket ikkje tatt med. Dette utgjer 66prosent av det totale klimautsleppet i kommunen, slik at reduksjonen av klimautslepp totalt blir i underkant av 20 %. Time Arbeidarparti synest dette er for lite ambisiøst og vil arbeida for at klimautslepp i kommunen ver redusert med 25 % i 2030 i forhold til 2015.
15 % av klimautsleppa i Time kjem frå vegtrafikk. For å redusera dette vil Time Arbeidarparti arbeida for at det blir lagt til rette for auke i sykkelbruk og at fleire nyttar seg av kollektiv transport.
Time Arbeidarparti vil arbeida for at all kommunaltransport er utsleppfri.
På landsbasis er klimautslepp frå bygg og anlegg like høgt som utslepp frå personbiltrafikken. TimeArbeidarparti vil arbeida for auka fokus på klima i bygge- og anleggsprosjekt i kommunal regi.
Landbruket står for 66 % av utsleppa i Time. Det meste av dette kjem frå biologiske utslepp som det er vanskeleg å redusera. Time Arbeidarparti vil arbeida for at landbruket tar sin del av kutta i utslepp gjennom auka bruk av miljøvennleg gjødselspreiing og meir miljøvennleg maskinpark. Time Arbeidarparti vil også arbeida for gjenvinning av all landbruksplast og mindre matsvinn.
Time Arbeidarparti vil:
- Arbeida for at klimagassutsleppa i kommunen vert redusert med 25% innan 2030 i forhold til 2015.
- Arbeida for større fokus på klimarekneskap i kommunen.
- Arbeida for at kommunen har auka fokus på klima og miljø i bygge- og anleggsprosjekt.
- Arbeida for at alle kommunale anlegg blir utsleppsfrie.
- Stimulera næringslivet, kommuneorganisasjonen, innbyggarar og frivillige lag og organisasjonar til å bidra til ei klimavennleg utvikling.
- Stimulera næringslivet til å skapa nye grønearbeidsplassar i kommunen.
- Auka lokal energiproduksjon knytt tilkommunale bygg, inkludert sol og grunnvarme.
- Stimulera til auke i lokal energiproduksjon i kommunen med samarbeid, tilrettelegging og deling av informasjon.
- Arbeida for at kommunen bare brukar nullutsleppskøyretøy.
- Setta i verk tiltak for å handtera klimaendringane.
- Arbeida for at fleire tilsette i kommunen tek i bruk miljøvennleg transport til og frå jobb og i jobbreiser.
- Gjera det lettare å gå, sykla, reisa kollektivt og køyra utsleppsfritt.
- Legga til rette for auka sykkelbruk gjennom kartlegging og utbetring av sykkelnettet med meir og arbeida for samanhengande sykkelstiar i kommunen.
- Arbeida for betre transportplanlegging og parkeringspolitikk for å redusera klimagassutslepp.
- Arbeida for fleire ladestasjonar for el-bilar.
- Legga til rette for ei samfunnsutvikling som skapar minst mogleg transportbehov gjennom å ha gode lokale fritids- og naturtilbod og korte avstandar mellom bustad, arbeid og fritid.
- Arbeida for ei betring av busstilbodet i kommunen- betre kollektivtransport - hent meg - ordning.
- Ta vare på naturlege vassvegar som opne bekkar og elvar, og sikra blågrøne område i tettstadane.
- Ta vare på naturmangfaldet. Ta vare på kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap.
- Arbeida for at dyrka jord vert spreia medmiljøvennleg gjødselspeiing.
- Arbeida for at all landbruksplast vert samla inntil gjenvinning.
- Arbeida for å redusera matsvinn.
- Reparera og kontinuerleg vedlikehalda det ein har av bygningsmasse.