Næringsliv og arbeidsplassar
Ein trygg og inkluderande kommune

Det er viktig både for samfunnet og for kvart menneske å ha eit arbeid. For Time Arbeidarparti er arbeid til alle ei hovudsak.
Time Arbeidarparti vil leggja til rette for at me har gode og trygge arbeidsplassar i kommunen.Det er viktig at næringslivet har gode vilkår og at kommunen er forutsigbar. Time Arbeidarparti vil arbeida for at bedrifter og anna næring i større grad vert involvert i utarbeiding av reguleringsplanar.
Kommunegrenser er ikkje viktige for næringsliv som vil etablera seg på Jæren. Time Arbeidarparti vil arbeida for at kommunane Time, Klepp og Hå vert sett på som ei eining når nye næringsområde skal utviklast. Time Arbeidarparti vil også arbeida for ein felles næringssjef for dei tre kommunane.
Kommunen har eit særskilt ansvar for å ta inn lærlingar og hjelpa unge inn i arbeidslivet. Time Arbeidarparti vil arbeida for at kommunen skal ha minst to lærlingar per tusen innbyggjarar, og at lærlingar som tar fagbrev kan få tilbod omarbeid i kommunen.
Time Arbeidarparti vil:
- Arbeid til alle er Time Arbeiderparti si hovudsak.
- Arbeida aktivt for å betra vilkåra for næring i Time og på Jæren.
- Arbeida målretta for betre forutsigbarhet for næringslivet.
- Arbeida for at bedrifter/næring i større grad vert involvert i utarbeiding av nye reguleringsplanar og retningslinjer for næringslivet.
- Sjå jærkommunane Time, Klepp og Hå som ei eining ved utvikling av nye næringsområde og når næring ønskjer å etablera seg på Jæren.
- Arbeida for ein felles næringssjef forjærkommunane (Time, Klepp og Hå).
- Arbeida for at kommunen er ein god arbeidsplassfor alle arbeidstakarar og gjennom det sikre gode tenesteleveransar til alle innbyggjarar i Time kommune.
- Arbeida for at lærlingar som tek fagbrev får tilbod om arbeid i kommunen etter ferdigutdanning.
- Arbeida for at kommunen skal ha minst to lærlingar per tusen innbyggjarar.
- Arbeida for at kommunen i størst mogleg grad bruker lokale bedrifter og tenester.
- Seia nei til privatisering og konkurranseutsetting av kommunale kjerneoppgåver.
- Motarbeida sosial dumping og arbeidslivskriminalitet ved å sikra eit trygt og organisert arbeidsliv i samarbeid med fagforeningane.
- Arbeida for at kommunen stiller krav til tariffavtale i alle bygge- og anleggsprosjekt.
- Bidra til vekst og utvikling i framtidsretta næringsområde.