Tiltredende medlem

Karen Hognestad Liland

Karen er vår engasjerte gruppeleder i kommunestyret. Hun sitter i formannskapet, administrasjonsutvalget og i styringsgruppen for revisjon av kommuneplanen.

Karen Hognestad Liland

Bli kjent med Karen

Eg er født i 1978. Gift og bur på Hognestad. Har fire ungar frå 22 år og nedover. Dei er engasjerte i ulike skular, studier, organisasjonar og idrettslag og eg har derfor blitt meir og meir engasjert i politisk arbeid.

Hva er viktig for deg Karen?

Gjennom jobben min på Bryne ungdomsskule ser eg kor viktig det er at alle har mulegheit til å delta på noko i fritida si og kor viktig det er at det finst tilbod, både til dei som vil satsa og dei som vil driva med idrett på breiddenivå. Kommunen sitt motto bør vere flest muleg, lengst muleg i alt våre unge framtidshåp driv på med på fritida si. Det skal heller ikkje ha noko å seie kva økonomisk bakgrunn dei har! Tarifflønningane bør vere slik at ein kan leva aleine med lønna si og ha eit godt liv. Alle må ha mulegheit til faste heile stillingar. Eg er og glad i Noreg sin natur, og ser at for at me skal ha mangfald i vårt vakre land, er det viktig med levande bygder og eit landbruk som gjer at me kan vere kortreiste. Fellesskapet er vårt viktigaste våpen mot den polariseringa me ser i samfunnet. Derfor er det viktig med gode offentlege tenestar. Folk må kjenna at dei er viktige brikker og blir sett av nokon. Me må jobba mot utanforskap, mobbing og finna gode løysingar som gjer at å delta i fellesskapet blir det viktigaste for folk.